
DJ Bård Berg
Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, VossBak snurrande plater, i mørke rom, omringa av dansande, sveitte menneskje finn du Bård Berg. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort laurdag.
Bak snurrande plater, i mørke rom, omringa av dansande, sveitte menneskje finn du Bård Berg. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort laurdag.
Det er herleg sutlaust når Nelly Moar inviterer deg inn i eit dansbart, sjølvsikkert og silkemjukt univers. Den bergensbaserte artisten kombinerer R&B, Club og Pop, og nyttar seg av inspirasjonskjelder som KAYTRANADA, Erykah Badu, D’Angelo og Jorja Smith. Ho har ei stemme med uvanleg god rekkevidde, og har allereie vorte ei me gler oss til å høyra meir av! Denne konserten er inkludert i billetten Huskort laurdag.
Ole Mofjell & 3 Days of Maceration er ein levande jazztrio, full av humor og kompleksitet. Dei baserer seg på dei store jazzkomponistane frå 60- og 70-talet, som Charles Lloyd, Ornette Coleman og Anthony Braxton, og vidarefører denne tradisjonen i ei moderne tid. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort laurdag.
Verket “Graosido” er inspirert av eit fjellmassiv som Vossingar kjenner godt, der musikken målar fram landskapet i skiftande ver og årstider. Komposisjonane har naturleg nok fått titlar “pao vossamaol”, og ein kan mellom anna høyra lyden av “Vadlasletta”, “Taoe” og “Tjødni”.
“Eit festband som med framføringane sine nesten negerer skandinavar sitt rykte for å mangla humor.”, skriv Jazzword.com. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort laurdag.
Start dagen med ein litterær frukost på Café Stationen saman med Kjartan Fløgstad, tonesett av den eminente Ole Morten Vågan. Det vert ein enkel frukostbuffet, som supplement til den andelege føda.
I nokon år no har me hatt besøk her på Vossa Jazz av samtaleklubben Jazznytt18, der programleiar Audun Vinger møter musikarar, forfattarar og andre festivalfolk for morosame, inspirerande og vonleg […]
I Osasalen skal improvisasjonar inspirerte av øydelagde maskinar og gamle, nifse stumfilmar krypa inn under huda på publikum. Hakkete og støytvise rytmar vert etterfølgde av rolege parti som snor seg fram mot brå brak og ustyrlege musikalske utfaldingar. Når trioen Karja/Renard/Wandinger spelar i Osasalen, kan me ikkje sjå for oss anna enn at det vil lyda heilt ned til Vangsvatnet!
På veg heim i romskipet sitt må Hala og Pappa nødlanda på ein framand planet. Her er alt ukjend, og dei er både redde og engstelege i møte med trolla som bur der.
“Lat oss spela inn eit album”, sa Aruán. “Ja, og la oss reisa verda rundt”, svarte Grete. “Fyrst må me spela inn eit album”, sa han. Slik byrja samtalen mellom den cubanske pianisten Aruán Ortiz og den norske vokalisten Grete Skarpeid.
Ut av den varme klangen av kontrabass, saksofon og trompet, dyrkar Maridalen lyden av det akustiske. Trioen hentar namnet sitt frå det naturskjønne dalføret like nord for Oslo sentrum, og musikken dei spelar ser ut til å likna landskapet sjølv. Dei levande tonane snor seg søkande avgarde – som den sprokne asfalten, og dei mange stiane, som snirklar seg innover dalen.
Det vert slåttar frå Hardanger, Voss og ein smak av England når Mjøs/Sørheim/Wolski Trio kjem til Trudvang for å spela på Eldrejazzen. Musikarane opnar døra til si musikalske leikegrind, kor dei saman skapar eit innbydande musikalsk landskap av durspel, hardingfele og siter. Mellom musikken vert det opplesing av Kjartan Fløgstad.