Lastar Hendingar

Jamvert: Ole Mofjell & 3 Days of Maceation

  • Denne hending er over.
laurdag 23. mars

Kl 22:30

Ole Mofjell & 3 Days of Maceration er ein levande jazztrio, full av humor og kompleksitet. Dei baserer seg på dei store jazzkomponistane frå 60- og 70-talet, som Charles Lloyd, Ornette Coleman og Anthony Braxton, og vidarefører denne tradisjonen i ei moderne tid.

Martin Myhre Olsen på saksofon er kjent frå band som Wako, MMO-ensemble og Hegge. I tillegg har han turnert ein heil del med Trondheim Jazzorkester og Siril Malmedal Hauges ulike prosjekt. Bassist Henrik Sandstad Dalen har spelt og gjeve ut plater med Sex Magick Wizards, Amalie Dahl og sitt eige kritikarroste band, Passe Planta. Ole Mofjell på trommer har turnert Europa og spelt inn plater saman med Signe Emmeluth’s Amoeba, Hedvig Mollestad Weejuns og Ekhidna, ved sidan av ei rekke andre musikarar som opererer på kanten av jazzsjangeren.

Dei møtest i 3 Days of Maceration, klare til å skapa ein eksplosiv jam!

 

Medverkande:

Martin Myhre Olsen – saksofon

Henrik Sandstad Dalen – bass

Ole Mofjell – trommer

English

Ole Mofjell & 3 Days of Maceration is a lively jazz trio, bursting with humour and complexity. Inspired by the great jazz composers of the 60’s and 70’s, like Charles Lloyd, Ornette Coleman and Anthony Braxton, the trio has its heart set on carrying this tradition into modern times. 

Martin Myhre Olsen plays the saxophone, Henrik Sandstad Dalen plays the bass, Ole Mofjell plays the drums, and they’ve all recorded albums and toured with a number of bands, musicians and ensembles, both nationally and internationally. We’re ready for this jam!