Lastar Hendingar

Eldrejazz: Mjøs/Sørheim/Wolski Trio med Kjartan Fløgstad

  • Denne hending er over.
sundag 24. mars

Kl 14:00

Det vert slåttar frå Hardanger, Voss og ein smak av England når Mjøs/Sørheim/Wolski Trio kjem til Velferdssentralen for å spela på Eldrejazzen. Musikarane opnar døra til si musikalske leikegrind, kor dei saman skapar eit innbydande musikalsk landskap av durspel, hardingfele og siter. Mellom musikken vert det opplesing av Kjartan Fløgstad.

I møte med Mjøs/Sørheim/Wolski Trio vert gamle slåttar no kledde i moderne drakt, og tilpassa nye format. Det er lyrisk, det er festleg, og ikkje minst kjekt! Ingrid sitt smilande vesen og varme utstråling skin gjennom kvar melodi ho rører ved. Ho er utdanna frå Ole Bull Akademiet, og har fordjupa seg i heimtradisjonen frå Kvam i Hardanger.

Sidan han debuterte som forfattar i 1968, har Kjartan Fløgstad gjeve ut meir enn femti bøker. Bøkene hans – av nærast alle sjangrar – har ved fleire høve vorte omsett til andre språk, og har sjølvsagt vorte prislønna gong etter gong.

Medverkande:
Ingrid Sørheim – durspel
Johanne Mjøs – hardingfele og fele
Kristian Wolski – siter
Kjartan Fløgstad – tekstar

English

At this year’s “Eldrejazz”, Mjøs/Sørheim/Wolski Trio is serving up folk tunes from Voss and Hardanger, as well as a taste of England! Sørheim is eager to invite us into her musical playpen, where the melodeon, the hardanger fiddle, and the cittern comes together to create a warm, lyrical and welcoming sound.