vossa jazz 2022

Foto Camilla Winther

Brunborg & Øyunn: Togetherness

Far Tore og dotter Siv med splitter nytt prosjekt! Saman med to av sine absolutte yndlingsmusikarar – Nikolai Hængsle og Bugge Wesseltoft – framfører dei ny, spesialskriven musikk.

Les meir »

Cloroform

Med røter i jazz og med eit ynskje om å eksperimentera utover i eit elektronisk, punkete rockelandskap, let Cloroform som ingen andre band. Kontrabass, trommer og clavinet med full turbo og eit skyhøgt energinivå.

Les meir »

Andreas Røysum Ensemble

Når Andreas Røysum samlar sine beste vener og favorittmusikarar i Andreas Røysum Ensemble vert fascinasjonen hans for tradisjonsmusikk frå Asia og Afrika blanda med elden og språket frå den ekspressive jazzen og den moderne vestlege noterte musikken sin utstrekte formsans.

Les meir »

Jon Balkes Siwan

Siwan er ei musikalsk eventyrreise, med ein rik, historisk bakgrunn og nokre grunnverdiar som vert spegla i komposisjonar og musisering: Samarbeid, toleranse og sameksistens.

Les meir »

Kulturvandring

Vandring frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet der det undervegs vert passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria.

Les meir »