
Jazzintro: Bento Box
Bentoboksar – japanske matboksar med separate rom inni – er gjerne forseggjorte og fargerike, og innhaldet er gjerne noko meir smakfullt og spanande enn det den norske matpakka kan by på.
Bentoboksar – japanske matboksar med separate rom inni – er gjerne forseggjorte og fargerike, og innhaldet er gjerne noko meir smakfullt og spanande enn det den norske matpakka kan by på.
Bandet har sitt særpreg ved at musikarane har fordjupa seg i kvart sitt område i jazzen. I musikken møtest dei og skapar eit lyrisk kammermusikalsk uttrykk som blandar post bop, gypsy- og nordisk jazz.
Tønes er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar og ein skikkeleg virtuos når det kjem til underfundige betraktningar rundt små og store kvardagsfenomen me alle kan kjenna oss att i.
Til eldrejazzen har Anders, Anne Siri og Olav sett saman eit variert program med kjende tradisjonssongar, amerikansk blues og klassiske stykke for song, gitarar og ukulele.
Kva var det eigentleg som skjedde i svensk jazz på 70-talet som gjorde at den beste musikken var barne-TV-jazzen?
Her er det duka for eit uhyre tett og dynamisk samspel med både improvisasjon, uventa vendingar og gjennomarbeida komposisjonar.
Mange jazzelskarar har Paal Nilssen-Love trygt plassert på lista over yndlingstrommisar, men det er ikkje alle som veit at han er ein fantastisk platesnurrar òg!
I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I år tek Vossa Jazz den legendariske artisten heim til Vestlandet med ein stor hyllingskonsert!
Her vert det nyskrivne tekstar frå Fløgstad og Stalsberg og originalkomposisjonar av Raknes og Carstensen: Ei salig blanding av kortreiste og langreiste toner frå amerikanske jukeboksar, landskappleik og buskspel, jazzklubb og bluesbule, katedral og høgfjell!