Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

Griegakademiet: Masseh

Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, Voss

"Masseh" heiter bandet – dette er jazzstjernene av i morgon! Dei kjem frå jazzlina på Griegakademiet i Bergen, og har eit unikt mangfald av referansar og bakgrunnar, noko som fører til spanande og uventa musikalske vendingar.

Badnajazz: «Kashakas & Klikkerter»

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

Per, Daiyen og Audun er tre nysgjerrige supermusikarar som lett let seg av fascinera av nye lydar og instrument – som 'klikkerter' og 'kashakas'!

Superjazz med The Brazz Brothers og Supergruppo

Scandic Voss Evangervegen 1a, Voss, Norway

Jazzsjangeren tufta på improvisasjon, impulsivitet og speleglede. Superjazz’en – med Brazz Brothers og Supergruppo i spissen – lever verkeleg opp til desse grunnverdiane!  

Joakim Rainer Trio

Mølstertunet Mølstervegen 143, Voss, Norway

Joakim Rainer trio – vinnaren av Jazzintro 2022 – kjem til Vossa Jazz 2023!

Sinikka Langeland

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

Sinikka har djup interesse for naturmystikk, og i Jon Fosse sin lyrikk finn ho ord og tankar som resonnerer med dette. Med folkemusikk som grunnlag lar ho ensemblet få stor fridom.

Landslaget for spelemenn

Voss idrettshall Idrottsvegen 13, Voss, Norway

100 år med folkemusikk på 90 minutt!

Voss folkehøgskule

Scandic Voss Evangervegen 1a, Voss, Norway

Musikk som oppmodar til energi, speleglede og godt humør!

Undergrünnen – utekonsert ved Gamlekinoen

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Undergrünnen spelar det dei sjølv kallar «jungelkraut»: Ei form for psykedelisk garasjerock med inspirasjon frå steppene i Afrika og tyske krautrock-klubbar.

Ein veg – Ei reise med Bergensbanen

Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, Norway

Bli med forfattar Dag Helleve, musikar Marius Klovning og det strålande bandet på ei reise med Bergensbanen i tekst og musikk!

Nana Rashid

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

Ærleg og ope, med trua på at musikk kan hjelpa oss å gjenfinna det djupt menneskelege – Nana Rashid lagar musikk om banda som held menneske saman.

Vozzakveld med Voss storband, Kolve, Brunborg og Dale

Voss kulturhus Evangervegen 6, Voss

I høve 50-års-feiringa vår samlar Voss Storband nokre av dei finaste og viktigaste jazzmusikarane som har vore medlemmer, eller som har teke del i utviklinga til bandet gjennom åra: Ivar Kolve, Tore Brunborg, Øyvind Dale og Kåre Kolve deltek alle med sjølvskriven storbandmusikk!

Badnajazz: Sigrid Moldestad: Regndråpeborna og andre dyr

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

I “Regndråpeborna og andre dyr” får små og store bli kjend med både regndråpeborna, grashoppa med grashoppefela, snigelen som sykla og kråka med alle dei skumle kråketankane...

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.