Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

Grete Skarpeid og Aruán Ortiz

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

Nokre gongar overgår røynda eventyra. Eit tilfeldig møte på Voss mellom musikkterapeut Grete Skarpeid og den anerkjente kubansk/amerikanske pianisten Aruan Ortiz førte til eit samarbeid som munna ut i plata «My Songs» (2016).

Sheila Jordan og Cameron Brown

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Sheila Jordan er ei av dei verkeleg unike stemmene i jazzhistoria og Charlie Parker pleidde å introdusere henne som «the singer with the million ears», grunna hennar store evne til improvisasjon og samspel.

Sondre Lerche

Park - Pentagon Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Sondre Lerche har ein fantastisk energi, og ein fantastisk teft for den gode melodien og det fengjande refrenget.

Ingrid Olava/ Andreas Ulvo duo

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

I snart ti år Ingrid Olava berika musikk-Noreg med dyktig låtskriving, ei særprega stemme og vakkert pianospel. Endeleg kjem ho attende til Vossa Jazz, denne gongen saman med tangentmeisteren Andreas Ulvo.

Møster!

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Møster! kjem til Vossa Jazz med eit splitter nytt verk!

Torun Eriksen

Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, Voss

Torun Eriksen er Noreg sitt svar på Joni Mitchell. Ho har ei av desse spesielle stemmene som ein aldri vert lei av å høyre på – den perfekte blandinga av distinkt særpreg, strålande teknikk og uanstrengt musikkglede.

Nils Petter Molvær Group

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Arild Andersen om plata Buoyancy: «Jeg kan ikke si jeg har hørt Nils Petter Molvær bedre enn med denne kvartetten. Buoyancy er tuftet på modenhet, levd liv og levende musikalsk tilstedeværelse.»

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.