Club Montmartre
Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, VossMalika Makouf Rasmussen spinn musikalske trådar til Afrika via Midtausten attende til Vesten i sin grensesprengande og nyskapande musikk.
Malika Makouf Rasmussen spinn musikalske trådar til Afrika via Midtausten attende til Vesten i sin grensesprengande og nyskapande musikk.
Undergrünnen speler det dei sjølv kallar "jungelkraut": Ei form for psykedelisk garasjerock med inspirasjon frå steppene i Afrika og tyske krautrock-klubbar.
Lat oss spinna lykkehjulet, og håpa at det stoppar på Voss! LYKKEHJULET er andreklasse ved Jazzlinja i Trondheim, som rullar ut på Noregsturné i slutten av mars 2017.
ILMOI er ein trio med sterke finsk-ugriske røter, farga av nordiske tradisjonar. Musikken deira består av lange meditative strekk i pakt med eldgamal finsk musikkjensle, men er òg prega av tett rytmisk samspel.
Russiske Tatiana Stadnichenko er nyutdanna frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHIB). Som kunstnar er ho oppteken av dei fysiske og mentale grensene til urbane miljø. Korleis former det moderne bylandskapet vår identitet, livsstil og oppførsel?
Den energiske duoen lovar ein forrykande konsert med 60-tals jazz og folkemusikk frå Vest-Afrika, som garantert vil appellera både til store og små.
Global Oslo Music har bestilt eit nytt verk av Busi Ncube. Dette verket har fått tittelen Usiko og vert urframført som opningskonsert på den 44. festivalen!
Me gler oss til å presentera denne stjerneduoen for Vossa Jazz-publikummet i april.
Vossa Jazz gler seg til å presentera Noregs beste jazz-rockarar for festivalgjengarane.
Highasakite kjem til Vossa Jazz!
Med ein rufsete miks av norsk, afrikansk og amerikansk folkemusikk i handbagasjen, susar Rosseklovnkleppen avgarde på støvete interkontinentale landevegar.
Produsenten, musikaren og låtskrivaren HP Gundersen sitt band The Last Hurrah!! har fått svært mykje merksemd dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt.