
TOIVO
Finnesloftet Finnesvegen, Voss, NorwayMed utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem TOIVO med musikk inspirert frå amerikansk sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt
Med utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem TOIVO med musikk inspirert frå amerikansk sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt
I 1992 reiste Øyvind Skarbø på sin første korpstur nokon sinne. Til Voss. Dette sette så djupe spor, at han den dag i dag har sitt eige skulekorps, Skarbø Skulekorps.
Sidan 2016 har Guri Solberg intervjua godt over hundre kvinner i podcasten Bra damer. Artistar, skodespelarar, idrettsutøvarar og andre engasjerte kvinner har fortalt om familieliv, karriere, komplekser, sex og ambisjonar.
I samarbeid med Voss Resort syter me for god jazzstemning på Hangurstoppen med spesialpris på gondolen heile laurdagen! Kr 245,- t/r
”Ei framsyning for minnebøkene”, vart det sagt, då Ine Hoem og Erlend Skomsvoll med orkester hylla 70-årsjubilanten og forfattargiganten Edvard Hoem med eit utseld bestillingsverk for Moldejazz 2019.
Siril Malmedal Hauge er ein særs spanande og allsidig jazzvokalist med sterke røter i jazztradisjonen.
Musikken på tredjealbumet til Espen Berg Trio, Free to play, er tydeleg influert av amerikansk jazztradisjon, blanda med nordiske klangar og stor eksperimentvilje frå Berg, bassist Bárður Reinert Poulsen og Simon O. Albertsen.
Take my mother home er ei meditativ og spirituell konsertoppleving der nyskrivne tekstar av forfattar Hanne Ørstavik møter Kristin Asbjørnsen sine tolkingar av spirituals, tonesatt av gitarist Olav Torget.
Ingegrigt Håker Flaten skriv Tingingsverket til Vossa Jazz 2020!
Arild Andersen, Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Frode Alnes, Bendik Hofseth og Helge Nordbakken kjem tilbake med Tingingsverket Sagn, nesten på dagen 30 år etter urframføringa i 1990!
Samtale med Oddrun Lilja om korleis inntrykk frå verdas ulike musikktradisjonar finn ein felles heim.
Drøymande, stillferdig og akustisk samtids-folk-jazz vert kombinert med elektroniske element på ein elegant og innovativ måte.