Visingsnavigering

Hending visingsnavigasjon

Today

Emmeluths Amoeba

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

“Når Signe Emmeluth blåser i hornet, så lytter man”, skriv Audun Vinger i DN, medan Jazznytt kallar Emmeluth eit av dei mest interessante unge talenta i skandinavisk jazz i dag. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

Aksel Røed – Død Sjø

Park - Pentagon Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Fjorårets vinnar av Vossajazzprisen har i år med seg ei blanding av jazz og 80-tals hard rock til festivalen. Verket “Død sjø” er inspirert av havet, av Røed sine opphald på hytta på Sotra, og av besteforeldra hans, som kjende det uendeleg løyndomsfulle djupet langt betre enn den bergenske saksofonisten sjølv gjer.  Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

kr 250

DJ Live Sollid

Park - Café Stationen Uttrågata 1-3, Voss

Sollid spelar opp ei herleg, eklektisk blanding av soul, jazz, R&B, nu-disco og house. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

Gabriela Garrubo

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

“Ryktet har gått ei god stund: i Bergen finnes det en norsk-brasiliansk vokalist med noe helt spesielt å melde.”, skriv Nettavisen om Gabriella Garrubo si debutplate, “Rodando.  Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

Sigbjørn Apeland -solo

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss

Med orgel og trøorgel spelar Sigbjørn Apeland seg inn i grenselandet mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisatorisk musikk. Det er så vakkert at det er til å gråta av, når dei vare tonane pakkar oss inn, og snik seg inn til det inste.

kr 290

Murray / Håker Flaten / Nilssen-Love

Park - Jazzklubben (tidl. Festsalen) Uttrågata 1-3, Voss

I følge jazzmagasinet Jazzenzo leverer Murray / Håker Flaten / Nilssen-Love “energisk musikk som går til det ekstreme”, med musikarar som “spelar som om dei vil setta fart på ein flokk elefantar”, medan salt peanuts* samanliknar trioen med ein blodtrimma racerbil, med full gass gjennom dei skarpaste svingane, og utanomjordisk teknisk presisjon. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

Marius Neset Quintet

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Det kjende og føreseielege skal utfordrast når Marius Neset kjem til Vossa Jazz med sin nye handplukka kvintett! Kjenneteikna av eventyrlyst, uventa rytmar og brå taktvendingar, pendlar dei frå lyriske balladar til rytmiske eksplosjonar – alt framført med kvass teknisk nøysemd og presisjon

kr 390

Jamvert: Trøen/Arnesen Quartet

Park - Pentagon Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Trøen/Arnesen Kvartett spelar oss inn i eit univers med vakre melodiar og livlege grooves, der idealet om den klassiske jazz-kvartetten står sterkt. Firkløveret famnar vidt, med eit alderspenn på tre generasjonar, og innflytelsar frå mellom anna Edvard Grieg og Keith Jarrett, til John Coltrane og Henderson. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.

Best Western Swing

Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, Noreg

Det må jo bli medrivande når fem musikarar let seg foreina i kjærleiken sin til musikk som dette. Best Western Swing omtalar det sjølv som “western swing, hestejazz, bææ-bop og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane”. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort laurdag.

Griegakademiet

Gamlekinoen, foajeen Uttrågata 9, Voss

Innovasjon, energi og speleglede er stikkord når Jazzlinja på Griegakademiet i Bergen inviterer til konsert i foajeen i Gamlekinoen!

Air Play

Osasalen, Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Noreg

Som dei sjølv seier: Air Play er fellesskap, samspel, improvisasjon, klang og magi i melodi - i felles rytmikk og uttrykk. Det er berre å gle seg.

kr 290

Superjazz: SuperLydvo med Supergruppo

Scandic Voss Evangervegen 1a, Voss, Norway

Improvisasjon, dans og kanskje besøk av sjølvaste Elvis? Dette er berre toppen av det musikalske isfjellet som Supergruppo og SuperLYDvo byr på under årets Superjazz!