Lastar Hendingar

Jamvert: Trøen/Arnesen Quartet

  • Denne hending er over.
fredag 22. mars

Kl 23:00

Trøen/Arnesen Kvartett spelar oss inn i eit univers med vakre melodiar og livlege grooves, der idealet om den klassiske jazz-kvartetten står sterkt. Firkløveret famnar vidt, med eit alderspenn på tre generasjonar, og innflytelsar frå mellom anna Edvard Grieg og Keith Jarrett, til John Coltrane og Henderson.

“De uanstrengte bevegelsene og lyriske tilbøyelighetene er levende til stede i materialet. Enten de befinner seg i ballade eller i sterkt pådriv, så formidler de med avstemt energi.”, Jazz i Norge

Kvartetten byggjer på eit langt vennskap og musikalsk samarbeid mellom pianist Dag Arnesen (74) og saksofonist Elisabeth Lid Trøen (31). Deira fyrste album, “Tread Lightly” frå 2021, har hausta gode omtalar både nasjonalt og internasjonalt. Det siste året har dei turnert norske jazzklubbar med verket “New Paintings of Jazz”, samstundes som dei har ei ny plate i emning!

Medverkande:

Elisabeth Lid Trøen – saksofon og fløyte

Dag Arnesen – piano

Ole Marius Sandberg – kontrabass

Sigurd Steinkopf – trommer

English

Trøen/Arnesen Kvartett creates a universe of beautiful melodies and lively grooves, where the ideal of the classical jazz quartet is apparent. Building upon the friendship and musical explorations between Dag Arnesen (74) and Elisabeth Lid Trøen (31), the quartet has a wide range, covering three generations within the group, and being influenced by everything from Edvard grieg and Keith Jarrett, to John Coltrane and Henderson.