
Maesa Pullman & The Last Hurra(h)!!
Park - Pentagon Uttrågata 1-3, Voss, NoregProdusenten, musikaren og låtskrivaren HP Gundersen sitt band The Last Hurrah!! har fått svært mykje merksemd dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt.
Produsenten, musikaren og låtskrivaren HP Gundersen sitt band The Last Hurrah!! har fått svært mykje merksemd dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt.
Ståle Storløkken er ein av Noregs tøffaste musikarar – han legg ikkje akkurat fingrane imellom når han hamrar på tangentane! Stefan Pasborg er ei gåvepakke til alle som elskar trommekunst.
Dei siste åra har den danske saksofonisten Mette Rasmussen etablert seg som eit av dei største talenta innanfor jazz og fri improvisasjon.
Her er det berre til å knyta dobbelknute på danseskoa – Mambo Compañeros er eit band med eit uimotståeleg driv og henrivande nærvære på scena.
Me er så heldige å ha med oss studentar frå Jazzlinja i Trondheim som skal overraska oss alle med ein eller annan type konsert på torget.
Paraden går frå Torget, og i front finn du Paradebandet og Badnajazzkoret.
I 2017 er Kaldestad festivalforfattar på verdas einaste nynorske barnebokfestival – Falturiltu på Stord.
Kim Myhr har vore ei av dei fremste stemmene på den eksperimentelle scena i Noreg dei siste åra, både som komponist og gitarist.
For den spretne, nysgjerrige og undrande Morgonfrosken er ingen tema for store eller for små.
Øyvind Rimbereid sitt langdikt Solaris korrigert vart oppført som fullskala teaterframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene i 2015/2016 og hausta panegyriske kritikkar og fleire Hedda-prisar – mellom anna for musikken til Sjur Miljeteig, og Ane Dahl Torps tolking av hovudpersonen «Aig».
Gitarist Mads Berven er kjend frå eit utal ulike prosjekt og band med høg musikalsk kvalitet og god stemning som ein fellesnemnar.
Utstyrt med eit rikt utval trommer og andre rytmeinstrument, vert det som alltid eit leikent samspel på Superjazz!