
Jazzlinja i Trondheim «TELL US» på Hangurstoppen
Hangurstoppen Restaurant Hangurstoppen, Voss, NorwayStudentane ved Jazzlinja i Trondheim utgjer TELL US, kjem til Voss med ungdommeleg pågangsmot og unike improvisasjonar.
Studentane ved Jazzlinja i Trondheim utgjer TELL US, kjem til Voss med ungdommeleg pågangsmot og unike improvisasjonar.
Årets festivalkunstnar, Ståle Gerhardsen, har éin regel: Om det er gøy, så gjer han det!
Me er glade for å ha med oss Kjartan Fløgstad på laget til festivalen 2024 og gler oss til å sjå han i meir enn eit oppdrag!
Trommeslagar Øyunn opnar Vossajazz med eit følelseslada brak. “Aspects” blandar konsert med filmvisning, og kan til tider minna om ein stumfilm med fullt orkester. Med rolege instrumentelle parti, og meir eksplosive vokalparti, er det ei forestilling som er både følsom og kraftfull.
Gabriel Fliflet er eit kjent, og kjært namn på Vossajazz. Når han i år framfører tingingsverket “I lys loge”, er det 30 år sidan han fekk Vossajazzprisen, og han har satt eit sterkt preg på festivalen sidan det.
“Når Signe Emmeluth blåser i hornet, så lytter man”, skriv Audun Vinger i DN, medan Jazznytt kallar Emmeluth eit av dei mest interessante unge talenta i skandinavisk jazz i dag. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.
Fjorårets vinnar av Vossajazzprisen har i år med seg ei blanding av jazz og 80-tals hard rock til festivalen. Verket “Død sjø” er inspirert av havet, av Røed sine opphald på hytta på Sotra, og av besteforeldra hans, som kjende det uendeleg løyndomsfulle djupet langt betre enn den bergenske saksofonisten sjølv gjer. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.
Sollid spelar opp ei herleg, eklektisk blanding av soul, jazz, R&B, nu-disco og house. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.
“Ryktet har gått ei god stund: i Bergen finnes det en norsk-brasiliansk vokalist med noe helt spesielt å melde.”, skriv Nettavisen om Gabriella Garrubo si debutplate, “Rodando. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.
Med orgel og trøorgel spelar Sigbjørn Apeland seg inn i grenselandet mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisatorisk musikk. Det er så vakkert at det er til å gråta av, når dei vare tonane pakkar oss inn, og snik seg inn til det inste.
I følge jazzmagasinet Jazzenzo leverer Murray / Håker Flaten / Nilssen-Love “energisk musikk som går til det ekstreme”, med musikarar som “spelar som om dei vil setta fart på ein flokk elefantar”, medan salt peanuts* samanliknar trioen med ein blodtrimma racerbil, med full gass gjennom dei skarpaste svingane, og utanomjordisk teknisk presisjon. Denne konserten er inkludert i billetten Huskort fredag.
Det kjende og føreseielege skal utfordrast når Marius Neset kjem til Vossa Jazz med sin nye handplukka kvintett! Kjenneteikna av eventyrlyst, uventa rytmar og brå taktvendingar, pendlar dei frå lyriske balladar til rytmiske eksplosjonar – alt framført med kvass teknisk nøysemd og presisjon