
Mambo Compañeros
Park - Vossasalen Uttrågata 1-3, Voss, NoregHer er det berre til å knyta dobbelknute på danseskoa – Mambo Compañeros er eit band med eit uimotståeleg driv og henrivande nærvære på scena.
Her er det berre til å knyta dobbelknute på danseskoa – Mambo Compañeros er eit band med eit uimotståeleg driv og henrivande nærvære på scena.
Me er så heldige å ha med oss studentar frå Jazzlinja i Trondheim som skal overraska oss alle med ein eller annan type konsert på torget.
Paraden går frå Torget, og i front finn du Paradebandet og Badnajazzkoret.
I 2017 er Kaldestad festivalforfattar på verdas einaste nynorske barnebokfestival – Falturiltu på Stord.
Kim Myhr har vore ei av dei fremste stemmene på den eksperimentelle scena i Noreg dei siste åra, både som komponist og gitarist.
For den spretne, nysgjerrige og undrande Morgonfrosken er ingen tema for store eller for små.
Øyvind Rimbereid sitt langdikt Solaris korrigert vart oppført som fullskala teaterframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene i 2015/2016 og hausta panegyriske kritikkar og fleire Hedda-prisar – mellom anna for musikken til Sjur Miljeteig, og Ane Dahl Torps tolking av hovudpersonen «Aig».
Gitarist Mads Berven er kjend frå eit utal ulike prosjekt og band med høg musikalsk kvalitet og god stemning som ein fellesnemnar.
Utstyrt med eit rikt utval trommer og andre rytmeinstrument, vert det som alltid eit leikent samspel på Superjazz!
Nokre gongar overgår røynda eventyra. Eit tilfeldig møte på Voss mellom musikkterapeut Grete Skarpeid og den anerkjente kubansk/amerikanske pianisten Aruan Ortiz førte til eit samarbeid som munna ut i plata «My Songs» (2016).
Bli med, så får du kanskje høyre eventyret om korleis musikken vart sigøynaranes heimland, og den spanande forteljinga om Marja og det magiske appelsintreet!
Solokonsert med fri aldersgrense!