The name is Bremnes. Kari Bremnes.

Kari Bremnes (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Kari Bremnes (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Kari Bremnes seier det er eit privilegium å få lov til å spele musikken sin for eit publikum. Vi seier det er eit privilegium å få oppleve Kari Bremnes live.

Tekstane er interessante og arrangementa både tøffe og skjøre. Praten mellom songane er morosam og tankevekkande. Stemma er så sterk.

Det er sjølvsagt ingen tvil om at det er Bremnes sjølv som er midtpunktet, men ho gjev likevel god plass til dei solide musikarane i bandet. Bengt Egil Hanssen tryllar på tangentane, og korar så vakkert, så vakkert. Børge Petersen-Øverleir avsluttar Skrik – frå Edvard Munch-albumet Bremnes gjorde i lag med Kjetil Bjørnstad – med ein herleg gitarsolo.  Og er det ikkje nokre element frå James Bond-musikken her? Apropos James Bond: Eg har høyrt det dei er på jakt etter ein ny 007. Kanskje det er på tide å lansere Kari Bremnes som kandidat?

Ho leverer på alt – ho er vittig, ho er direkte, ho rockar og ho er alvorleg. Det er ikkje tvil om at denne dronninga kan handtere superskurkar så vel som ein fullstendig tørr martini.

Men frå spøk til alvor – ein overgang som i alle fall Kari Bremnes sjølv viser ho meistrar til det fulle på denne konserten: 

Gløym ikkje dei dagane som er lett, syng Bremnes. Akkurat her og no, i idrettshallen på første dagen under Vossa Jazz, er det klart at dagen – og kvelden – er lett, men tyngda av orda hennar vil vi gjerne bære med oss ut i Vossanatta. Som Kari Bremnes sjølv syng: «Trur du vi kan få det til å vare?».

Del gjerne!