Nyhende
Det er nesten ikkje til å tru at femti arrangement er avvikla – til trass for eit par krumspring og steinsprang så stilte både musikarar, teknikarar og ikkje minst publikum…
Kor var du då Joni Mitchell stod på scena i Vossasalen palmesundag 2022? Vonleg var du der, og ikkje i køa utanfor, for i kveld vart det i sanning skrive historie på Park. Ja, i kveld var kvelden då det kom for ein dag at Joni ikkje berre høyrer heime i californiske ørkenlandskap, men òg mellom høge fjell og djupe fjordarmar på Vestlandet.
Sápmis grøde. Dei stod høgt oppe på scena, og høgt oppe på skuldrane til dei som hadde rydda vegen føre dei. Isák. Og så joika dei tre, med Ella Marie Hætta Isaksen i spissen, nett forfedrane og formødrene sine fram att og vyrde dei: bestefar Isák, «Elle» Mari og bygda Masi. Historia ljom sterkt, høgt, og djupt.