Brått var helga over og Vossa Jazz 2025 historie. Sundagen baud på ei rekkje fantastiske konsertopplevingar, frå Badna- og Superjazz til verdsmusikk og jazzpop, storband og jazztrioar.
Alt klokka 11 kunne ein velje mellom jazzmessa i Vangskyrkja eller live-innspeling av festivalpodcasten på Tre Brør med tingingsverk-komponist Kjetil Møster og Audun Vinger. Det vart lagt vekt på Møster sin utrøytlege utforsking og aktivitet: Turnear med alt frå Røyksopp til Datarock, Trondheim jazzorkester og Spidergawd, spelemannspris i samtidsmusikk og utøvande PhD, for å nemne noko.

Konsertdagen blei sparka i gang klokka 12 med bergenstrioen Himmelfarten i Gamlekinoen, vokalist Rohey Taalah og saksofonist Martin Myhre Olsen med Eldrejazz på Velferdssentralen og lattermild Badnajazz: Trommer er best, med Modal Trafikk i Vossasalen på Park.



På jazzklubben denne dagen kunne ein høyre to trioar: Adjustments, beståande av Vigleik Storås på piano, Svein Folkvord på bass og Håkon Mjåaset Johansen og like etterpå: Frode Gjerstad på saksofon og klarinett, Margaux Oswald på piano og Ivar Myrset Asheim på trommer, med det kanskje aller mest jazzete namnet Gjerstad/Oswald/Asheim. Om det haldt med ein trio kunne ein heller høyre den ferske festivalsjefen Roger Urhaug sine refleksjonar rundt årets festival på den siste live festivalpodcasten.

Sundag er også dagen for eit av Vossa Jazz sine faste høgdepunkt – Superjazz! I år var det Heidi Kvelvane, Mads Berven og Nils Are Drønen som stod for verstad og konsert saman med musikarar med ulike funksjonsutfordringar.



Eit anna fast høgdepunkt å sjå fram til sundagar på Vossa Jazz er Bergen Big Band i Gamlekinoen, kanskje ekstra stas i år med musikalsk leiar Michael Barnes som årets vinnar av Vossa Jazz-pris. I år presenterte dei den nyaste plata til den australske komponisten Vanessa Perica «The Eye is the First Circle».

Klokka 16 starta regvêret smått å kome, og mange trakk inn i kyrkja for å høyre solokonserten til syriske Nawar Alnaddaf. På meisterleg vis blanda ho det arabiske og norske, det nye og gamle, faste – og fritt improviserte.

Den som fekk æra av å runde av årets Vossa Jazz var den evig populære Thomas Dybdahl. Køen utanfor Vossasalen var lang, og saman med fult band beståande av Gard Nilssen, Ole Morten Vågan (igjen!), Vegard Lien Bjerkan og Lars Horntveth blei konserten den perfekte landinga etter ei innhaldsrik helg på Voss.
