Strålande laurdag på Vossa Jazz!

Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Laurdag hadde også vêrgudane skjøna at det var festival, og Voss vakna til strålande sol! Konsertdagen starta også lysande, med Tingingsverk Badnajazz klokka 12, der bergenstrioen Building Instrument hadde fått med seg ei gruppe unge talent frå Voss kulturskule. Frå fyrste tone (på stett-glas) til siste tone (på fuglefløyte) satt store og små som tende ljos i den fullsette Ungdomshallen. Også ekstrakonserten klokka 14 var utseld.

Badnajazz med Building Instrument – Foto: Grim Moberg / Vossa Jazz

Samtidig som Badnajazz gjekk for fulle hus i Ungdomshallen, jazza gruppa Moods dagen i gang i Gamlekinoen. Moods består av andreårsstudentar frå Griegakademiet – og dei nøgde seg ikkje med å jazza i kinoen. Snart tok dei vegen ut i solskinet, med fleire pop-up-opptrednar på Vangen, før dei avslutta dagen med stødig samspelt jazzjam og -dans i Ungdomshallen.

Moods frå Griegakademiet – Foto: Grim Moberg / Vossa Jazz

Sola stod òg opp over Ole Bull Akademiet laurdag føremiddag. Dei mange som hadde møtt opp utanfor, ynskte likevel mest av alt å kome inn i Osasalen og den utselte konserten med Nils Økland Band. Konserten vart like god som spådomane: «Det blir ikkje betre enn dette på årets Vossa Jazz», sa dei som salege kom ut att etterpå. 

Nils Økland Band – Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

I år er det mange konsertar i Vangskyrkja. Fyrst ut var Priya Bains og Mira Thiruchelvam med sitt sterkt dystopiske dikt- og lydverk, som verkeleg sette ting i perspektiv, – og med det trakk lina tilbake til Olaug Nilssens opningstale fredag.

Priya Bains & Mira Thiruchelvam – Foto: Grim Moberg / Vossa Jazz

Eit par timar seinare spela den segnomsusa Oslo-trioen ULD sine sterke tolkingar av Gunvor Hofmo og Jon Fosse for fullsette kyrkjebenkar. Dei som ikkje fekk plass i kyrkja, kunne likevel glede seg over alternativa: I Osasalen trollbatt tenorfenomenet Camila Nebbia og meisterpianisten Kit Downes publikum, medan dei som fann vegen til Gamlekinoen vart mottekne av Sondre Moshagen Lightning Trio sitt gneistrande samspel.

ULD – Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Utpå ettermiddagen byrja heile halve Vangen å snu seg mot Park, og det med god grunn: Klokka 18 skulle det tradisjonsrike Tingingsverket framførast, og i år var det saks-fenomenet og jazzvirtuosen Kjetil Møster som hadde fått det ærefulle oppdraget. Verket han hadde med seg, Sense, Organ, Motion var akkurat så utfordrande, utforskande og utmanande som ein skulle ynske seg. Med seg på scena hadde han eit fantastisk ensemble: Anja Lauvdal (piano, synth, elektronikk), Sofia Jernberg (vokal) Benedicte Maurseth (hardingfele), Eivind Lønning (trompet, elektronikk), Gard Nilssen (trommer, perkusjon) og Hans Magnus Ryan (gitar, vokal).

Tingingsverket av Kjetil Møster – Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Kvelden var likevel nett starta då Tingingsverket tona ut! Medan Flukten tok av i Jazzklubben, beinflaug andre mot Gamlekinoen for å få med seg Bugge Wesseltoft med gjester framføre det nye albumet AM ARE til øyredøyvande jubel.

Bugge Wesseltoft – Foto: Grim Moberg / Vossa Jazz

Fleire store namn viste seg på andre scener denne kvelden: I Vossasalen stod den levande vokallegenda Norma Winstone saman med Kit Downes, som hadde dagens andre konsert. 

Norma Winstone & Kit Downes – Foto: Runa Andersen / Vossa Jazz

For dei som helst ville nytte laurdagskvelden til ståkonsert og dans var Ungdomhallen den rette staden å vere. Eit klart høgdepunkt var bandet Sliteneliten, som med vossamål, visepunk og vittige spark mot overklassen blei møtt med rungande jubel, trampeklapp, allsong. Den lokale vokalisten Synneva Gjelland kasta seg også ut i den som etter vår kunnskap er festivalens einaste stagedive (!). Deretter var det jazzrock-trioen PHØNIX sine djupe riff og progressive rytmar som fekk publikum til å nikka, medan dei som ville sita var på Stefan Pasborg Trio på Jazzklubben på Park. 

Phønix – Foto: Sanne Løkke / Vossa Jazz

Det blir ikkje ordentleg fest på Ungdomshuset utan dans, og for eit rørande syn! Utøvande musikarar, festivalpublikum og lokale vossingar forent på dansegolvet til svingande jazz levert av studentbandet Moods frå Griegakademiet.

Lindy Hop i Ungdomshallen – Foto: Leah Lyng Melsom / Vossa Jazz

Mads Berven med Midnattsjazz – Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz

Sist men ikkje minst i denne oppsummeringa av festivallaurdagen må me æra vinnaren av Vossa Jazz-prisen 2025! Fylkesordførar Jon Askeland smilte breitt så han endeleg nådde kunngjeringa «Det er ei stor glede og ære å overrekkje årets Vossa Jazz-pris til ei levande inspirasjonskjelde og drivkraft, musikalsk leiar for Bergen Big Band, dirigent og musikalsk leiar for Storband 90 og Fana Storband – vår eigen «aussie» – MICHAEL BARNES!»

Det var ein rørt og storøygd Barnes tok imot pris på scena til rungande applaus frå fullsett sal, for sitt utrøyttelege engasjement og arbeid for storbandmiljøet i Bergen. Ein kan høyre han saman med Bergen Big Band i Gamlekinoen klokka 15.30 sundag.

Fylkesordførar Jon Askeland og Vossajazzpris 2025 utdelt til Michael Barnes – Foto: Runa Andersen / Vossa Jazz

Del gjerne!