Etter ein vellykka jazzfestival i 2025 på alle vis så vert det på ny endringar i administrasjonen til Vossa Jazz.
Dagleg leiar Roger Urhaug har valt å sei opp si stilling og seier fylgjande;
– Det er med tungt hjarte eg har valt å tre i frå mi stilling som dagleg leiar for Vossa Jazz. Dette skjer utan dramatikk og handlar aleine om at eg har konkludert med at eg trivst betre i kulissane enn i det rampeljoset ein festivalsjef må arbeida i. Vossa Jazz er ein fantastisk festival med lange røter og ein langt over snittet sterk dugnadsånd i ei av landets vakraste bygder. Eg kjem til å sakna alle dei fine menneska som i sum utgjer Vossa Jazz – men er samtidig viss om at våre vegar veldig snart kryssast igjen.
Produsent Silje Halstensen som har vore tilsett i ein 50% stilling som produsent har fleire utgivingar på gong som artisten Bendik og ein kommande turné som ho ikkje kunne takka nei til.
– Me vonar at me likevel kan leige Silje i kortare periodar inn mot festivalen, seiar styreleiar Hilde Magnusson.
Gledeleg er det då at Kristin Glück som hadde den andre 50% stillinga ynskjer å få ein større stillingsprosent i Vossa Jazz. Magnusson seier at styret er innstilt på å gje Kristin ein større stillingsbrøk, og styret er svært glad for å ha med Kristin vidare.
– Kristin har bla. eit godt blikk for å ta vare på dei frivillige under festivalen noko som er heilt avgjerande for at me skal lukkast seier Magnusson.
Festivalrådet leia av Nils Erik Auth har ca. 20 departements leiarar og er basis for gjennomføringa av festivalen.
– Her har me mykje kunnskap og kontinuitet så me ser fram til ein framifrå festival også i 2026, avrundar Magnusson.
Stillinga som dagleg leiar inn mot den 53 festivalen vert lyst ut med det fyrste, så har du ein festivalsjef i magen så er det berre å søkje.
For meir informasjon ta kontakt med:
Styreleiar Hilde Magnusson m. 41 56 64 50