Den 52. utgåva av Vossa Jazz er no over, og me vil retta ein stor takk til publikum, frivillige, artistar og samarbeidspartnarar som gjorde festivalhelga 11.–13. april til ei heilt spesiell oppleving.
Vossa Jazz er kjend for å vera ein nyskapande festival med sterk forankring i jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Årets festival opna med ein historisk konsert med bandet Inazuma – sett saman spesielt for anledninga – med Anja Lauvdal, Ståle Storløkken, Thomas Strønen, Ole Morten Vågan og Nils Petter Molvær. Det vart ein opningskonsert for minnebøkene.
Vidare fekk publikum oppleva eit rikt og variert program med artistar som Erlend Apneseth Ensemble, Adjustments, Bugge Wesseltoft, Sliteneliten, Bergen Big Band, Nawar Alnaddaf – samt to unike bestillingsverk frå Kjetil Møster og Building Instrument. Publikumsmottakinga har vore overveldande, med fleire utselde konsertar og strålande tilbakemeldingar frå både artistar og gjestar.
Styreleiar Hilde Magnusson uttrykkjer stor glede over årets festival:
– Eg er svært nøgd med den 52. festivalen. Det er gledeleg å sjå at dei tre nye i administrasjonen – Kristin Glück-Evensen, Silje Halstensen og Roger Urhaug – ser ut til å utfylla kvarandre slik styret hadde håpa på, og at dei jobbar godt saman. Både bookingane og gjennomføringa har treft publikum svært godt, og ikkje minst har dei nærare 250 frivillige blitt tekne godt vare på.
Dagleg leiar Roger Urhaug stemmer i:
– Eg er så utruleg stolt over helga me no snart legg bak oss, og vonar de har kost dykk alle saman. Klemmane har vore mange, smila likeså – og tilbakemeldingane frå publikum og gjestar er makelause. Dei har kost seg alle saman. Dette er om mogleg noko av det største eg nokon gong har fått vere med på.
Billettsalet har vore godt, og stemninga på Voss denne helga har vist kva musikk, fellesskap og dugnadsånd kan skapa saman. Me gler oss alt til neste år!
Festivalpass for 2026 kjem!

Foto: Selma Sørsdal / Vossa Jazz