
Kaada/Storløkken
Gamlekinoen Uttrågata 9, VossVossa Jazz har bede to av landets aller mest særeigne, spanande og bejubla komponist-musikarar om å skriva ny musikk til Vossa Jazz 2019: John Erik Kaada og Ståle Storløkken!
Vossa Jazz har bede to av landets aller mest særeigne, spanande og bejubla komponist-musikarar om å skriva ny musikk til Vossa Jazz 2019: John Erik Kaada og Ståle Storløkken!
Det britiske jazzmagasinet Jazzwise har kalla Phronesis «one of the most exciting bands on the planet», og det med god grunn!
For fyrste gong syng Lundeng eigne tekstar, og opner slik for nok ei side ved sitt kunstnarskap. Musikken er nedtona, melankolsk, sår og stormfull – det finst ein harmonisk villskap i Lundeng som får publikum til å skjerpa sansane og leva seg djupt inn i den vakre toneverda hennar.
Til Voss tek Kresten Osgood denne gongen med seg ein kvintett beståande av nokre av dei aller sterkaste unge musikarane frå Danmark.
Møt festivalmusikarar i intervju med Audun Vinger.
Vandringa går frå Vangskyrkja via Finnesloftet til Mølstertunet.
Undervegs vert det passeleg store påfyll med godbitar frå den lokale kulturhistoria. På Finnesloftet vert det omvising og konsert med Sudan Dudan, på Mølstertunet vert det omvising og kort foredrag om bryggetradisjonar - og smaksprøvar.
Paraden går frå Torget, og i front finn du Paradebandet, Voss Skulemusikk, drilljentene og Badnajazzkoret.
Marit O. Kaldhol er festivalforfattar under Falturiltu 2019, men kjem først innom Vossa Jazz for å dele eit knippe av sine sterke og poetiske forteljingar med liten og stor.
Norsk folkemusikk og visekunst ispedd americana og ei teskei salmesong – uttrykt i ei skjør og vakker akustisk toneverd med gitar, munnharpe, langeleik, hardingfele, harmonium og tostemt vokal.
Erlend Apneseth Trio kjem til Vossa Jazz for å feire slepp av ny plate! Og på dette prosjektet har dei utvida besetninga med akkordeonisten Frode Haltli.
Saman med elevar frå Voss Kulturskule, Voss Skulemusikk og eit knippe heilproffe musikarar inviterer Karl Seglem til ei open og leikande utforsking av sitt særeigne og spanande klangunivers.
«Bedehus og Hawaii» vart til då den kritikarroste gitaristen og komponisten Trond Kallevåg Hansen fekk i oppdrag å laga bestillingsverk til Sildajazz 2018.