• This event has passed.
laurdag 19. mar 2016

Med godt over hundre konsertar verda over, to studioalbum (snart tre ryktast det!) og eit konsertalbum bak seg har Cortex markert seg som eit av dei aller sterkaste banda frå den norske jazzscena. Musikken deira har vorte skildra som «avant garde party music» av engelske Jazzwise. Dei to viltre blåsarane fabulerer sprelsk omkring i ei samansett toneverd medan rytmeseksjonen knyter det heile saman med tette, sveitte grooves og rebelske bassløp – kanskje kunne ein kalle dette Mardi Gras-punk?

På konsertplata Live! frå 2014 høyrer me eit band som har nådd ein grad av musikalsk nyskaping og framifrå live-framføring som er sjeldan, både nasjonalt og internasjonalt. Downbeat Magazine skreiv: «This is a band that deserves serious attention», og Terje Mosnes frå Jazznytt meiner at «Live! viser et band som nå etablerer seg på et nivå der særlig utsiken nedover er i ferd med å bli svært god.»

Thomas Johansson – trompet
Kristoffer Berre Alberts – saksofon
Ola Høyer – bass
Gard Nilssen – trommer

Billettar: Denne konserten er ein del av huskort laurdag.

English
With over hundred concerts around the world, two studio albums and one live album Cortex has risen to stardom in the world of alternative jazz. Their music has been described as «avant garde party music» by Downbeat Magazine. The trumpet and saxophone frolics around in musical wilderness while the rythm section ties it all together with tight and sweaty grooves and rebellious bass lines – one could call this Mardi Gras punk! After listening to their latest concert album Live! (2014) Downbeat Magazine wrote: «This is a band that deserves serious attention» – we absolutely recommend you give their concert some serious attention at the upcoming festival!