laurdag 24. mar - 15:00

Med platene «Draumeblues og blåsus» og «Jubel og skrubbsår» har landet sitt leiande blues/r&b-band vist at dei kan kunsten å nå fram til musikkglade born. Med sleipe, smidige riff og rytmar og fengjande og humørfylte tekstar på bergensk om traktorar, kenguruar, rakettsjåførar, snømenn og hytteboogiewoogie kan me faktisk garantera allsong og dans på Badnajazz i år!

Arle Hjelmeland – vokal, munnspel
Steinar Karlsen – gitar, vokal
Morten Skage – bass, vokal
Einar Olsson – trommer, vokal