Kvalitetsmusikk og feststemning på Jolajazz

Hullyboo med Tore Brunborg. (Foto: Lars Finborud)
Hullyboo med Tore Brunborg. (Foto: Lars Finborud)

Visste du at Jolajazz er ein tradisjon som går heilt tilbake til Vossa Jazz sitt andre år? Ikkje så rart kanskje: Blandinga av kvalitetsmusikk og feststemning er jo akkurat det ein treng i romjola!

Trioen Hullyboo opna festkvelden, og spelte med utvida besetning for høvet. Den unge gruppa plukka verkeleg frå øvste hylle då dei valde seg eit fjerde medlem: Supersaksofonisten Tore Brunborg viste seg å vera eit perfekt tilskot til Hullyboo si groovy jazzverd. Ei ekstra hovudstemme frå saksofonen gav meir spelerom for gitarist Marius Klovning og dei tøffe riffa fekk endå meir tyngde enn vanleg.

Stian Overå vart 40 år i august fekk han ei gåve litt utanom det vanlege: Ein minikonsert på Jolajazz! Med Kåre Opheim på trommer fekk amatørgitaristen varma opp for Voss Kraftlag. Det kom nok som ei overrasking på mange at dagleg leiar hjå Voss Vind er så drivande god på gitar!

Med gitarist, bandleiar og arrangør Bjørn Sandnes i førarsetet gav Voss Kraftlag publikum valuta for billettpengane. Inspirasjonen frå 70-talsband som Chicago og Blood, Sweat and Tears var tydeleg både i den sterke blåserekka og låtvalget. Her var det både gamle og nyare godbitar, flotte gitarsoli og sjelfull musisering over heile linja.

Gitarist og vokalist Bjørnar Ekse Brandseth gjesta Jolajazz med sitt soloprosjekt. Med vossabandet Yngve and his Boogie Legs har han vist at han er ein av dei fremste gitarheltane i regionen, og i band som Northern Belle og Silver Lining kjem kjærleiken til folk- og country-musikk for dagen. Med soloprosjektet visar han eit stort talent for låtskriving og ein teft for den gode popmelodien. Saman med Yngve Jordalen og Trym Gjermundbo trollbatt han publikum i Pentagon med upolert garasje- folkpop av internasjonalt kaliber.

Bergensbandet Razika har herja både hitlistar og konsertscener dei siste åra, med ei vinnande blanding av rock, pop, punk og skamusikk. Marie, Maria, Marie og Embla skuffa ikkje publikum i Vossasalen – dei gav alt på scena, og energien smitta over på publikum saman med dei fengjande melodiane.

Fram til stengetid heldt DJ Lars Finborud det gåande i Juvet med dansbare perler frå musikkhistoria. Etter mykje pinnekjøt og dårleg romjolsvêr var det nok godt å få rørt seg litt – Jolajazzarane dansa så steingolvet gynga, nestan!

Bjørnar Ekse (Foto: Lars Finborud)
Bjørnar Brandseth (Foto: Lars Finborud)

Del gjerne!