Luftig folketone-jazz på taket

Foto: Odin Drønen, Vossajazz

Oppover trappene går det, heilt opp på taket på Kulturhuset. Fleire og fleire folk kjem til. Ekstremjazzen vil alle få med seg. Plutseleg høyres ein flydur over taket, medan tangentane frå Andreas Ulvo sler ann tonen. Og frå den klokkeklare stemma til kvedaren Åshild Vetrhus, samt perkusjonen til den faste Ekstremjazz-komponisten Jon Balke. Dette kombinert med Ulvo, gav publikum eit fengande flott elektro-folk!

Mange trossa den kalde vinden for å høyre og sjå kva ekstremt som skjer i år. Og det var ikkje lenge me måtte vente, før fyrste gruppe kom ned frå fjell og fly. I løpet av timen dette varte, fekk me sjå både hopp i fallskjerm, hanggliding (inkludert røyk), paragliding og speedriding (med ski på beina). Kampsportmunken Svein Ivar Ringheim hadde tatt plass på eit vindfullt plateau.

Etter mange vanskelege hopp, var det ganske utruleg at dei to siste utøvarane greidde å lande på taket. Rett framfor musikartrioen, som kanskje var litt redde for at fallskjerm-duken skulle fange dei og instrumenta. Programmet vart gjennomført i ganske så ekstreme forhold. Slik det bør vere på ein Ekstremjazz med rockande folketone-jazz!

Del gjerne!