Årets badnajazz-pris til Bjørne Møen

Foto: Ådne Dyrnesli

Badnajazz- prisen skal gå til ein person eller institusjon på Voss som arbeider med og for born og unge innafor song, dans og/eller drama. Prisen vert gjeven av Vossa Jazz og er på kroner 5.000,-. I tillegg får vinnaren eit trykk med bilete med tema frå Badnajazz, laga av Ivar Kvåle.

Om årets vinnar heiter det at han har vore med og jobba for å gje born og ungdom musikkopplevingar for, av og med born. Prisvinnaren får denne heideren for sitt arbeid for å legge til rette og driva opplæring innan musikk. Dette gjer han både i sitt profesjonelle virke, men òg gjennom tallause timar på fridtida.

Det er mang ein musikar på Voss som har nytt godt av prisvinnaren sin store kunnskap om og engasjement for musikk generelt og trommespeling spesielt.

Dette, saman med evna til å ta godt imot små og store og gjera musikkmiljøet til ein plass der ein trivst og vert sett, gjer at det er med glede for oss i Vossa Jazz å gje Badnajazz-prisen 2015 til

Bjørne Møen

Del gjerne!