Vossa Jazz-prisen 2019 går til… Anders Bitustøyl!

Juryen si grunngjeving:

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr, og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat som er laga av festivalkunstnar Tor-Arne Moen.

Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen. Juryen gler seg over å sjå at musikkmiljøet i Hordaland gjer seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt.

Årets prisvinnar er ein musikar som kryssar sjangrar med solid bassgang og har ei allsidig og imponerande liste over produksjonar, utgjevingar og konstellasjoner. Prisvinnaren er særs hardtarbeidande og er ei er viktig drivkraft i musikkmiljøet i fylket og innan fleire sjangrar: folkemusikk, reggae, pop, blues og jazz står på menyen til denne dyktige musikaren.

For å nemna nokre frå ein vakker og variert bukett artistar prisvinnaren har spelt med: Sigrid Moldestad, Transjoik, Bjørn Tomren,  Karin Park, Øyvind Skarbø, Stein Urheim, Ylvis, Mads Berven, Mari Boine og Pedro Carmona-Alvarez.

På Vossa Jazz har me høyrt han i ei årrekkje i ulike produksjonar og ensemble, både for vaksne og born. I går kveld kunne ein oppleva han som del av Spellemann-vinnar Jørgen Sandviks Permanent Vacation:

Den 32. Vossa Jazz-prisen går til… Anders Bitustøyl!