Virtuost og suggererande

Forventingane var skyhøge og Vossasalen tettpakka då Nils Økland entra scena for å framføre sjølvaste tingingsverket. Han hadde med ein gjeng fantastiske musikarar som leikande, skurrande, bølgjande bygde opp og tona ned musikken under stødig leiing av Økland. Kombinasjonen av tradisjonell folkemusikk, rocka folk, punk og jazz fungerte som ei kule. Publikum nikka ivrig og var tydeleg fascinerte av samspelet. Konsertopplevinga vart forsterka av nydeleg lyssetjing som underbyggja tittelen på verket; på scena hang glaskuler med lys som gløda i takt med musikken.

Glødetrådar var nok ein kraftprestasjon frå Økland.