Vellukka vossajam

Ut i nattestimane på Pentagon natt til Sundag opna Kresten Osgood scena for alle som ville henge seg på. Skuldrane hjå både publikummarar og musikarar var låge, og publikum fekk sjå fleire spennande konstellasjonar med breidt sjangerspenn. Det vart ei varm avslutning på kvelden med innslag frå mellom anna Mathias Eick, Marius Klovning, Skranglebein og Eivind Løberg.