Vaog!

badnajazz-adnedyrnesli1-2

Dei er ikkje så store men kva gjer vel det? Publikum var solgt frå første takt av ein kollektiv ovsjarm frå ein strålande gjeng med lokale songtalent. Badnajazz tingningsverket i år har sitt utspring i CDen “Eg è liten eg men eg vaoga meg”. Den inneheld 16 folketonar frå Voss. I Vossasalen var det nær hundre ungar som hadde gjort eit imponerande stykke arbeid. Dei presenterte desse låtane som ei framsyning på fleire plan med både song og spel for å syna fram historiene bak. Og om det fins dei som har uroa seg over rekruttering og få talent i høve folkemusikk i bygda så var det ekstremt tryggande å sjå kor uhorveleg godt det gror i bakre rekker. Om ikkje det var nok: Ikkje ein einaste ledig plass på ekstrakonserten heller!

Del gjerne!