Superfest og spacejam

Superjazz (Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli)
Superjazz (Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli)

Superjazz og palmesundag høyrer saman på same nivå som pepar og salt, gaffel og kniv eller flesk på smør. Ein like spele- og dansesugen gjeng lyt ein leite lenge etter! Supergruppo fekk med seg Petters Festjam på laget, noko som medførte ein ellevill fest, med dans, allsong og forunderleg fortreffeleg improvisasjon. Alt frå slottar til favorittbandet Ole Ivars gjekk rett heim hjå både musikarar og publikum, før ein vart tatt med på ei romreise med Sun Ra – der den frie improvisasjonen vart tatt til hittil ukjende solsystem og galaksar.

Den herlege blandinga av vitsar frå bordalen, jazzdans, perkusjon og song, gjorde palmesundagen verkeleg fullkomen!

Del gjerne!