Stunder som dette er alt vi treng

Sigrid Moldestad (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Sigrid Moldestad (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Det ramla inn med folk i Gamlekinoen denne fredagskvelden på Voss. Ikkje eit sete var tomt, og folk stod langs veggane. Forventingane var høge, men ikkje utan grunn: Sigrid Moldestad er kjent for å levere framifrå konsertar, og hennar nyaste album har fått svært fine kritikkar. Dronning Moldestad vann definitivt hjarta til publikum i det ho kalla «si andre heimbygd».

Med seg på scena hadde Moldestad nokre av dei flottaste musikarane vårt vene Vestland har å by på. Dei kalte ho humoristisk for «kjæledyr» – med ein referanse til bandet Skadedyr, som skulle spele i same lokalet noko seinare denne fredagskvelden.

Moldestad er ein meister når det kjem til å balansera humor og alvor. Ho krydra konserten med morosame anekdotar, men viste òg ei meir kjenslevar side av seg sjølv: Det kom tårar frå fleire døtre i publikum då ho sang «Vise til far». Repertoaret var variert: Publikum fekk servert alt frå blues og country – representert ved ein aldeles nydeleg duett mellom Moldestad og Jørgen Sandvik – til pop, vise- og folkemusikk med ein eim av heimbygda Breim.

Tidleg i konserten måtte dei høghælte skoa av, men stemninga vart på ingen måte lågare av det. Sigrid Moldestad er sterkt til stades heile tida. Songstemma hennar er kontrollert, men sterk, insisterande og var. Felespelet er intenst og vakkert, og spesielt nydeleg vart det då ho framførte ein slått for å heidre den nyleg avlidne Leif Rygg.

Og når Sigrid Moldestad syng «eg vil vere her, eg vil vere her lenge», er det ingen som er ueinige med ho. Me kunne gjerne vorte att i Gamlekinoen heile kvelden, for – som ho syng – «stunder som dette er alt vi treng».

Del gjerne!