Studentar på scena, og elevar i salen

Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud
Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud

Ein vis mann sa ein gong noko om å leve i noet. Alle i salen gjorde i alle fall det då Vossajazz vart tjuvstarta av jazzlinja i Trondheim, og konseptet «NOW». Tradisjonen tru var dette den siste konserten til jazzlinja, som har turnert i Noreg dei siste månadene. 

Med ein fullsett sal av skuleelevar frå heile Voss mangla det ikkje på mangfald blant alle dei veldige instrumenta på scenen. «Now» bydde nemleg på to vokalar, to trommer, to saksofonar, to gitarar, ein kontrabass, ein el-bass, ein bassklarinett, eit flygel, og ein vibrafon. Med to av kvart instrument vart det musikalsk dialog på scena, eit spørsmål, og eit svar. Med song på norsk, engelsk, og jazzisk – eit språk der vokalane vert eit eige instrument som kommuniserer saman med alle andre instrument på scena – flaut energien fritt frå scena til salen

Men engelsk, norsk, og jazzisk var ikkje det einaste språket som vart kommunisert frå scena. Kroppspråket var òg til stades, og særleg jazzen si form for headbanging, der ein rister på hovudet, med eit smil om munnen og auga lukka, og svaiar i takt med rytmen, melodien og alt som kjem frå scena. Publikum levde i alle fall i NOW’et!

Del gjerne!