På bestilling frå Vossa Jazz presenterte Terje Isungset urframføringa ”Sildrande”. Urframføring vart det, der ur- og naturmusikk låg som fundament i dette vakre verket. Musikken sildra stundom, men oftast formeleg buldra det musikalske straumar frå scena. Vatnet var sjølve hovudartisten, med drypp i vasskåler og ein fossande trompetsolo bokstaveleg tala med trompeten i vatnet. Med seg på scena hadde Isungset eit botnsolid orkester som med alle sine ulike instrument samla seg i melodiøse og leikande strekk. Med sitt naturrøta trommesett som høgsete losa han bandet leikent gjennom den intense og gripande konserten. Med nokre elektroniske drypp i det folkemusikalske, og naturen sjølv som hovudinstrument, vart dette ei eventyrleg musikkoppleving.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.