Sensuell salmesong

Simin Tander sin tandre og fløyesmjuke stemme og Tord Gustavsen sin inderlege pianopoesi – denne kombinasjonen kilte i øyregangane og fortrylla ein fullsatt Vossasalen sundag ettermiddag. Gustavsen og den afgansk-tyske songaren gav fleire nytolkningar av gamle norske salmar på det vakre afganske språket pashto. Dette gjorde dei på ein minimalistisk, men samstundes sterk og storslått måte.

Språket og den sensuelle stemmen mystifiserar dei kjente norske folketonane, og gir dei ei ny form og nytt spelerom. Dei eksotiske klangane i det framande språket set stemme og tonar i fokus. Musikken får tale for seg sjølv, og det vert rom for nye tolkningar.

Som Tord Gustavsen sjølv seier: Pashto er eit språk som er så vakkert i seg sjølv at det kjennast som ein skjønar det utan og skjøna det.

Del gjerne!