Sangfonisk stemning!

Badnajazzkoret: Sangfoni (Foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem)
Badnajazzkoret: Sangfoni (Foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem)

Det var ein smekkfull Vossasal som forventningsfull gledde seg til å oppleve Sangfoni i levande live. Og då dei første tonane frå den kjente tv-serien frå NRK Super vart sunge, og Badnajazzkoret taktfast entra scena i ei herleg blanding av grøne t-skjorter, røde korpsuniformer, matrosdressar, prinsessekjolar og brannmannutstyr – ja, då vart stemninga elektrisk.

Det tok heller ikkje lang tid frå kapellmeister John Vinge sette akkordane til Sangfoni-klassikaren «Jeg gikk en tur på stien», til små og store song med av full hals, i trestemt kanon! Sangifoni handlar, i ekte jazz-ånd, om å utforske musikk: Ord, melodiar og rytmar i tradisjonelle barnesongar blir plukka frå kvarandre og leika med. Resultatet er mildt sagt fengjande: Kven hadde trudd ein traust song som «Kjerringa med staven» kunne låte så uimotståeleg kult?!

«Er det ikkje fleire songar?» spurde ein tre-åring mor si på veg ut. Ein time med Badnajazzkoret var tydelegvis ikkje nok i dag. Men den sangfoniske stemninga var ikkje borte, sjølv om framsyninga var over: Ho fylde snarare hundrevis av aspirerande badnajazzarar på veg ut i vårsola på Vangen.

Del gjerne!