Fasanfanfare og formalin for franskekongen var det fyrste møtet. Denne gongen var det ikkje Roald Dahl og sovemedisin som spolerte jakta for fiffen, men heller ein Sann Sceneartist som losa oss trygt forbi. Soga gjekk vidare til ein hambo for alle lårhalsar som har møtt sine endelikt på bygdedans med potemjøl og hol i golvet. Det var fanfarar for gallesteinar, gamaldans for rotne purker i mjøsa og bulgarske 7,5/8delstaktarar for gjedder i perlemor.
Sjølv dei mest alvorstunge stunder med psykosekrokar, bipolaritet og ikkje minst hallelujasjonar og tungetaling verka med eitt mindre krevjande.
Det sedvanlege ståopp-showet, ispedd litt Händel på ein minnemananande pedalsteel, religiøs amerikansk køntry på tsjekkisk banjo og bulgarske «speedbryllaup» får, som alltid, samtlege til å trekkje på smilebandet før me forlet salen med eit stev og det evigaktuelle spørsmålet: Kvifor skal satan ha patent på dei lystige låtane?