Linus + Økland/Van Heertum/Zach. foto:vossajazz/Runhild Heggem
Linus + Økland/Van Heertum/Zach. foto:vossajazz/Runhild Heggem

Meditativ morgon i Osasalen

Kvintetten Linus + Økland/Van Heertum/Zach i Osasalen blei den perfekte starten på festivalens siste konsertdag. Eufonium, saksofonar, hardingfele og gitar kom saman i vakre klangar og iøyrefallande melodiar over praktfull perkusjon frå Ingar Zach. Lange strekk med vakre ostinat og dronete lydteppe sulla salen inn i ei slags transe. Musikarane tok seg god tid til å bygge opp til eksperimenterande improvisasjonar, som på imponerande vis alltid heldt seg tilgjengeleg og nært for publikum. Dette var verkeleg ei verdig og vakker konsertoppleving.

Artikkel under:

Arkiv