Kosmikalsk jazz

Spacemusic ensemble (foto: Vossa Jazz/Runhild heggem)
Spacemusic ensemble (foto: Vossa Jazz/Runhild heggem)

I Osasalen på Ole Bull akademiet skjedde det noko underleg laurdag ettermiddag. Spacemusic ensemble inviterte nemlig til det som ein nestan kan kalla ei musikalsk oppskyting. Med det unge jazz-talentet (for ikkje å seie stjerneskot) Signe Emmeluth i spissen, vart dette underlege og eksperimentelle stykket, som kan bli definert som noko kosmisk jazz, spelt for dei ivrige vossajazzarane i Osasalen. Ein ivrig Thorsten Høeg introduserte med sjeldan entusiasme og uforståelege ord, unntatt: «Er det der ute revolusjon(?)».

Og med underlege elektroniske lydar, ein saksofon, tuba, gitar, piano, perkusjon og vokal, kan ein seie at Thorsten Høeg hadde rett. Romfartsrevolusjonen har ein allerede hatt, men i ettermiddag handla det meste om jazzromfartsrevolusjonen, som Spacemusic ensemble står i spissen for. For midt i konserten kom ein lyd som ikkje kan vera noko anna enn at konserten, og ensemblet, fòr av garde i sitt jazzfartøy og nådde nye høgder.

Del gjerne!