Kaudervelsk heksekunst i godtebutikken

Jazzland Night, Vossa Jazz - Foto: Iver R. Finne
Jazzland Night, Vossa Jazz - Foto: Iver R. Finne

I middelalderen ville ein nok anten gjeve Sidsel Endresen helgenstatus eller dømt ho til bålet for demonbesatt heksekunst. Så sterk er krafta i det særeigent melodiøse, kaudervelske jazzspråket hennar – det fekk publikum i Gamlekinoen merka fredag kveld under feiringa av Jazzland-labelet til Bugge Wesseltoft. Ho formidla eit førspråkleg musikalsk univers med umiddelbar kjensle og innleving som lamslo publikum. Ved hjelp av sampling og elektronikk leikte og vidareutvikla Jan Bang uttrykket hennar og gav det ein kontemporær grunntone som kledde den arkaiske stemmeleiken svært godt.

I andre halvdel av Jazzland Night tok Bugge Wesseltoft med seg samarbeidspartnarane frå Trialogue-plata, Dan Berglund og Henrik Schwarz, på scena. I eit grenseland mellom søkande jazz og suggererande tekno skapte dei ein driv som garantert ville ført til dansegolv, hvis det ikkje var for dei raude plysjseta i Gamlekinoen. Bugge Wesseltoft såg ut som eit vidunderbarn i ein musikalsk godtebutikk – han sprang fram og tilbake mellom synth, rhodes, perkusjon og flygel med boblande speleglede og virtuose vendingar.

Spelegleda avtok ikkje, utover kvelden heldt dei det gåande med jam i Foajéen!

Del gjerne!