Lyrikar, omsetjar, litteraturskribent og -formidlar Jan Erik Vold har m.a. produsert ei rekkje dikt, essay, sakprosa og gjendiktingar. Lyrikken hans spenner vidt, frå konkretisme, typografiske dikt, nonsensdikt og nyenkel kvardagslyrikk til haikudikt og politisk engasjert lyrikk.

Platelista hans er lang, og han har skapt blest om den moderne lyrikken med diktopplesing til jazzakkompagnement.

Me er svært stolte over at denne fantastiske ordsmeden opnar den 45. festivalen!