Instagram-konkurranse!

Frå Vossa Jazz-instagrammen
Skjermbilde 2016-03-18 kl. 20.20.07

Som om ikkje tallause blinkskot av Trude, morosame kattebilete og #denfølelsen er nok – no finst det endå ein grunn til å vera på Instagram.

Legg ut det beste Instagram-biletet (merka med #vossajazz) under festivalhelga og vinn festivalpass til Vossa Jazz 2017!

Den superseriøse juryen legg vekt på originalitet, lyssetting, kunstnerisk sprengkraft, lyrisk caption og ein haug andre faktorar som dei kjem på undervegs. Vinnaren vert kontakta og kringkasta på nettsida i løpet av veka etter festivalen.

Hugs og merke biletet #vossajazz !

Frå Vossa Jazz-instagrammen
Frå Vossa Jazz-instagrammen

Del gjerne!