Heilag treeining

Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim

Etter ein rørande hyllestrunde til forfattar og omsetjar Johannes Gjerdåker, fortsatte hyllesten i form av Gabriel Fliflet sitt nye verk, Rose. Ein ting er dei fantastiske Robert Burns-gjendiktingane ført i pennen av Gjerdåker, det er i seg sjølv ei nyting. Ein annan ting er musikken og ikkje minst musikarane som heva songane til eit nivå som svevar langt over landjorda til trass for sitt varme, jordnære preg.

Kirsten Bråten Berg kan røra ein stein til tårer med røysta si og multiinstrumentalist Anders Røine får steinen til å nikka beundrande medan han gret. Kapellmeister Fliflet har ei unik evne til å gripa publikum, og Gamlekinoen laurdag ettermiddag var ikkje noko unntak. Folk sat og stod langs kvar vegg og krok for å få med seg denne hendinga – ei hending som oppmodar til repetisjon.

Del gjerne!