Headbangers ball

The End (Foto: Vossa Jazz/Stefan Palmqvist)
The End (Foto: Vossa Jazz/Stefan Palmqvist)

Ved midnatt fyrar The End opp stemninga i Pentagon. Kjetil Møster, Mats Gustafsson, Anders Hana og Børge Fjordheim kjem alle direkte frå konsertar i Gamlekinoen og Vossasalen, men det skulle ein ikkje trudd. Musikarane på scena viser ingen nåde, og dei driv publikum med eit intenst trøkk.

Virtousiteten til vokalisten Sofia Jernberg matchar intensiteten til bandet, og publikum matchar definitivt energien i musikken. The End treff ei nerve hos publikum, og det er spesielt vakkert å sjå dei yngre jazzelskarane som headbangar. Det kjenst som me er på Pentagon Pønkejazzklubb under vårsleppet, og det var aldri tvil om framtida til frijazzen.

Dette er The End. Dette er berre byrjinga.

Del gjerne!