Framifrå flygeltechno

Martin Kohlstedt (foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Frå Vossa Jazz 2019: Martin Kohlstedt

Allereie frå fyrste tone er stemninga sett. Det er ein melodiøs mann ved tangentane, og med flygel og elektriske verkemiddel er det både fengande og ljuve låtar me vert servert.

Det lysar av heile Martin Kohlstedt på scena, og me som høyrer på er med frå fyrste stund. Kohlstedt fortel om då han byrja å spele piano som 12-åring. «Eg sat i byrjinga berre heime og trykte A-tangenten i takt med bestefarsklokka i stova». To slag i sekundet. Det vart hovudinspirasjonen for musikken hans. Han haldt fram med eit stykke som han hevda hadde «no friends», då det ikkje var likt noko av det andre han pleidde å lage. Det var kanskje dette som dei fleste i publikum vil hugse best, med eit vanvittig tempo og eit skyhøgt ferdigheitsnivå. Sjølv likte han det ikkje så godt. «For overkomponert,» seier Kohlstedt med eit smil etter framsyninga. Det er med ei skikkeleg godkjensle ein går ut av Osasalen.

Del gjerne!