Jubileumsboka er komen!

Vossa Jazz vart skipa 19. desember 1973, og dette har i 2023 blitt markert på ulike vis. No har jubileumsboka kome og du kan få med deg bilete og minner frå 50 festivalar i ei bok.

På byrjinga av 70-talet reiste ein gjeng unge jazzentusiastar til Montreux på festival. Slik starta den eventyrlege suksesshistoria til ein av dei lengstlevande og mest respekterte jazzfestivalane i Noreg. Kunne verda, kunne Voss! Kva som er høgdepunkta vil variera – ho som digga Jan Garbarek på fyrste festivalen fekk kanskje ungar som så kom til å digga Mari Boine to tiår seinare, og dei som gjekk på Jaga Jazzist i Pentagon visste nok ikkje om at det ein gong var på Dalane fjellstove dei hippaste gjekk på jam tjue år tidlegare. Å samla alle minne, konsertar, opplevingar og folk i ei bok er diverre ei øving i avgrensing – ingen hugsar Vossa Jazz likt. Men kanskje boka får i gang minne? Eller tanken på at verda er full av fantastisk musikk, og kvar palmehelg i femti år har denne musikken kome til Voss. Det er berre å gle seg til neste år og neste år og neste år. 

Redaksjonen: Torunn Todal Laberg, Brit Aksnes, Lars Finborud
Skribentar: Nils Kvamsdal, Linda Eide, Brit Aksnes, Lars Finborud
Lesarar undervegs: Kari Høyland, Kari Trana, Trude Storheim
Grafisk utforming: Øystein Vidnes
Produsent: Skald Forlag
Hjelparar til fotoidentifisering: Lars Mossefinn

Du får boka på Norli Vossevangen, på Vossa Jazz-kontoret måndag i opningstid, på Apollon i Bergen og på Norli Strandgaten i Bergen. I tillegg blir det boksal på jubileumsfesten 19.desember, både på Mølstertunet og i Vangskyrkja. Du kan og få kjøpt boka på konserten til Bergen Jazzforum med Bugge Wesseltoft i Grieghallen sundag 17.desember.

Pris på boka er: 399kr

Del gjerne!