«Float like a butterfly, sting like a bee»

Tomasz Stanko Quartet Bilete: Odin Drønen for Vossa Jazz

Sumaren kom tidleg då den himmelske stanken av Stanko traff publikum. Då Stanko fekk leppene på trompeten forvandla han og bandet seg om til ein sumarfugl. Med musikken som drivkraft flaut dei rundt i rommet, med små kontrollerte vengeslag.

Utan at ein la merke til det så hadde bandet forvandla seg på nytt, denne gongen til ei bie. Med lynraske vengebyks i form av progresjonar i allslags mønster for dei rundt i rommet utan at publikum kunne halde følge med dei, og plutseleg var me blitt stukke. ”Float like a butterfly, sting like a bee”, er den perfekte måten å beskriva Tomasz Stanko Quartet.

Diverre tok vinden med seg Tomasz Stanko Quartet men la att eit minne som kvar og ein av oss i publikum kjem til å ha med seg for evig.

Del gjerne!