Fengande edelsteinar i mørket

Morten Qvenild – Hyper(sonal) Piano (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)
Morten Qvenild – Hyper(sonal) Piano (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)

Sjå for deg Keith Jarrett anno 1975 i studio med produsent Brian Eno, vocoderspesialistane Daft Punk og James Blake, den britiske ny-soul-artisten med den særeigne silkerøsta. Då byrjar me og nærma oss lyden av Morten Qvenild sitt Hyper(sonal) Piano-prosjekt.

Den einaste lyskjelda i Osasalen sundag formiddag var hovudlykta til Qvenild. Som ein gruvearbeidar hogga og hakka han ut fengande edelsteinar, rytmiske bergartar og melodiøse diamantar frå den rike, musikalske berggrunnen i det elektronikkbefengte flygelet hans. Nokre av låtane var så umiddelbare at dei kunne og skulle ha vore lista på P3, samstundes som uttrykket hans er meir enn nyskapande og eksperimentelt nok til å gli inn på ein hvilken som helst avant-garde jazz- eller elektronikafestival.

 

 

Del gjerne!