Badnajazz Hekla Stålstrenga (foto: Runhild Heggem/Vossa jazz)

Feit kveitepønk og midtvestfest

Skravla går: «Finns Skravla gard? Kan vi dra dit, ver så snill?» Denne sundagen fanst han iallfall så absolutt, og dei gardsarbeidande badnajazzarane, under leiing av Anne Siri Undeland Bauthus, baud saman med Hekla Stålstrenga på eit gardsbesøk og ein urpremiere av dimensjonar!

Det vart spela opp til linedans mellom oldemor sitt hus og oldefar sin sjarkverkstad; tonene gjekk høgt og lågt, opp til Sure Sjura i toppen av den høgste grana, og ned Flyndra Klaus på botnen av det skumle havet. Skummel var òg han Konrad på loftet, men ikkje verre enn at ein liten pelle-seg-i-nasen-pønk lausna opp og sette stemninga for ein heidundrande låvefest, kor joiken til slutt ljoma, tonesett av rurale midtvesttonar – midt i verdas bygdaste bygd, på Vestlandet.

Artikkel under:

Arkiv