Far Tore og dotter Siv med splitter nytt prosjekt!

Foto Camilla Winther
Foto Camilla Winther

Sundag 10. april skal Tore Brunborg og Siv Øyunn Kjenstad – saman med Nikolai Hængsle og Bugge Wesseltoft  -framføra ny, spesialskriven musikk bygd på eit fundament av venskap, slektskap og samspel.

I ei verd prega av polarisering og konflikt har musikken ei viktig rolle å spele. Togetherness handlar om å groove saman, og er ein motgift mot svart-kvitt-tenking. Dei fire strålande musikarane lovar ein konsert prega av overskot, speleglede, store kjensler, medrivande melodiar og overveldande soloar!

Trommeslagar Siv Øyunn Kjenstad har blant anna spelt med band som Efterklang, Bugge Wesseltoft’s New Conception of Jazz, Agnes Obel, Frode Haltli Avant Folk og Band of Gold, i tillegg til soloprosjektet Øyunn og ulike prosjekt knytt til teater og film. Far Tore treng knappast introduksjon for vossingar: Stjernesaksofonisten debuterte på Vossa Jazz 1980, og sidan den gong har han sett sitt preg på den norske jazzscena gjennom eit utal fantastiske utgjevingar, konsertar, samarbeidsprosjekt og som bandmedlem. Dei som har vore på festivalen dei siste åra har blant anna høyrt han med HILDO og «Ti på taket» med Irene Tillung.

Tore Brunborg – saksofon
Øyunn – trommer
Bugge Wesseltoft – tangentar
Nikolai Hængsle – bass

.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Del gjerne!